tirsdag 16. mars 2010

Nystove frå Framgarden Habostad

Framgardsnystova på Sunnmøre Museum

Nystova frå Framgarden g.nr. 28 br.nr.1, Habostad vart kjøpt inn til strandatunet på Sunnmøre Museum tidleg i 1930-åra. Nystova sto ferdig på Sunnmøre Museum i 1939. Kjøpesummen for Framgardsnystova var 250 kroner. Avtalen vart inngått i 1934 og huset skulle leverast til museet der det sto i september 1935. Huset vart tatt ned og frakta med båt til Borgundgavlen. Det vart ikkje gjort nokon form for oppmåling og annan dokumentasjon då huset vart tatt ned og satt opp att. Fleire bygningsdetaljar er derfor vanskelege å tolke. Fleire endringar vart gjort ved flytting. Det er ikkje alltid lett å sjå kva som er gamalt og kva som er nytt, og kva sto der før er vanskeleg å finne ut av. Gunvor Ingstad og Aslaug Knudsen har ei kort beskriving av nystova frå ei registreringsreise i 1922 der dei og målte opp nokre detaljar på huset. Dette er nyttig kunnskap for ettertida. Dersom nokon har bilde frå den tida huset sto i Framgardstunet er vi svært takksame for å få låne dei til kopiering.
Gunvor Ingstad meiner nystova er bygd først på 1700-talet. Huset har fleire detaljar som går lenger att i tid, slik at ein lett får eit motstridande inntrykk av 1700-tal og middelalder i same huset. Dette skyldast truleg at det er nytta nokså mykje eldre material då huset vart bygd på 1700-talet. Ser ein nærare på huset ser ein at syllstokken og nokre andre stokkar øvst i veggen, beitskiene kring døra i første høgda og takbjelkane er av langt eldre dato enn resten. Døra, beitskiene og takbjelkane har profilar som knyter dei til ein middelaldersk byggetradisjon. Ei  fullgod datering får vi først med ein årringdatering av nystova.
Detaljteikning frå 1922

Lærar S. Ødegaard i museumsnemnda skriv dette om nystovene:
"Nystova kunne ofte vere eldste huset på garden. Ho var bygd i to fulle høgder. I første høgda hadde husbondsfolket og borna kistene og skrina sine, og gankleda deira hang på veggane. På dobbelstenger oppunder loftet låg reinvaska linty og underkler. Alt hadde sin faste plass. Oppe i andre høgda hadde tenarane og dei vaksne borna sitt på same måten."

Inne i nystova er det spor etter veggfaste senger både i første og andre høgda.
Det er og ei seng i gangen både oppe og nede. Dette var senger  som tenestefolka nytta om sommaren. På begge sider av huset er ein gang, "hågonga" der turrhåa vart lagra.

Nystove eller sengabud er ein hustype som var vanleg på større gardsbruk i mellomalderen. Hustypen blei meir vanleg utover på 16- og 1700-talet. Opphaveleg var dette ei gjestestove på dei større gardane.